Builder Heart er eit teknologistudio, som leverer frilans webutvikling og eksperimentell konseptutvikling.
Namnet mitt er Nils Norman Haukås og eg har jobba med profesjonell web utvikling sidan 2014. Etter mange år som IT-konsulent og teknologisjef hos Netlife Bergen (i dag Tre), så bestemte eg meg i 2023 for å starte for meg sjølv. I Builder Heart kombinerer eg kundeprosjekter med in-house produktutvikling.
Kunder eg har jobba med: TV 2, Meteorologisk institutt, Studentsamskipnaden på Vestlandet, REN, Statsraad Lehmkuhl, Posten Norge AS, Norsk senter for forskningsdata (Sikt), Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), Norwegian Research Centre AS (NORCE), Value Accounting, Fearnley Offshore Supply, Våler Kommune, Bærekraftige Liv, Warner Music Norway, Christian Michelsen Institutt og Geodata AS.
I mitt arbeid er eg opptatt av å byggje teknologi som skal levere verdi i dag og i mange år framover. Difor programmerar eg uten kunstig intelligens (LLMs). Fleire og fleire programvareutviklarar innser no at KI har djupe etiske problem og tek no difor tydeleg avstand frå KI. Å programmere utan KI resulterer i ein litt treigare oppstart, men ein mykje meir gjennomtenkt funksjonalitet og lågare totalkostnad for videreutvikling og vedlikehald.
Modernisering og «KI-berging»
Har du ein eksisterende «legacy» IT-løysing som treng eit løft? Eg hjelper bedrifter med å dokumentere og rydde i kodebaser som har blitt så vanskelige å jobbe i at det forhindrer videreutvikling og skaper sikkerhetsrisiko.
Eg tilbyr også «KI-berging» av kodebaser som har blitt lagd med KI, men som dykk ønsker å stramme opp og videreutvikle utan KI.
Ta kontakt for gratis befaring og estimat.
Nettsideutvikling
Eg hjelper små og store bedrifter med å få suksess på nett. Med utgangspunkt i teknologien Craft CMS sikrer eg at dykk får ei nettside som leverer verdi og som er brukarvenleg både for dei ansatte og for sluttbrukarane.
Cloud-exit
Eg bistår organisasjonar med planlegging og gjennomføring av sky-migrasjon til europeisk, nordisk eller on-prem infrastruktur. Eg tilbyr utvikler-kurs i Ansible for DevOps-arbeidsflyt mot Linux-maskiner dykk har køyrande «på huset» eller i ein europeisk sky.
Eksperimentell forsking og utvikling (FoU)
Har du lyst til å få bygd fysiske, digitale kunstinstallasjoner? Lage ein mobil? Eller har du andre rare idear om ein teknologi eller teneste som burde finnast? La oss samarbeide om å søkje midlar for å få det realisert.
Eg har kompetanse på:
- Web utvikling (frontend + backend = fullstack)
- DevOps, infrastruktur, integrasjoner og generell Linux system administrasjon
- Grønn kode-praksis for minimering av det digitale klimaavtrykket
- Interaksjonsdesign (UX) og brukertesting
- Prosjektleiing, kulturbygging og IT-strategi
- Sosialt entreprenørskap
- Teknologier eg behersker: JavaScript, HTML, CSS, React, Node.js, Craft CMS, Typescript, GNU/Linux, Go, PHP og Ansible
---
Builder Heart er ein apartheidfri sone.