Funker som fjell
Eit prosjekt for å skape eit felleskap som jobbar for digital inkludering og aukt ombruk av datamaskinar ved bruk av fri programvare
Motivasjon #
Dette er eit eigen-initiert prosjekt for å utforske ein idé eg har hatt lengje rundt klima, miljø, fri programvare og digital inkludering.
I dag blir det kasta frykteleg mykje elektronikk som inneheld dyrebare metaller. Folk opplever dessuten at programmene dei brukar blir stadig meir forgjengelege og brukarfiendtlege. På toppen av dette er det fleire som opplever å falle av lasset digitalt, og det er kanskje grunna ein mangel etter arenaer for å prata om data med andre.
Så kva om me prøver å skape lokale møteplassar der folk kan lære om fri programvare, fikse PCar og bli litt flinkare på data?
Kulturbygging i praksis #
funkersomfjell.no blei satt opp i byrjinga av 2025 og i løpet av året arrangerte eg eit par reparasjonskvelder. Målet med desse kveldane var å gi folk ein lågterskel intro til korleis dei kan forlengje levetida på PCar ved hjelp av fri programvare.
I tillegg lanserte eg forum.funkersomfjell.no, for å vere ein samlingsplass på nett for medlemma med tips, hjelp og inspirasjon mellom dei fysiske møtene.
Basert på den gode responsen så jobber eg no med å finne ut korleis me skal byggje dette felleskapet vidare.
Teknologien #
Under nettsidepanseret køyrer Ghost (CMS). Denne teknologien er skreddersydd for medlemsbaserte publikasjonar og magasin som ønsker å publisere artikler på nett og å sende ut nyhetsbrev.
Forumet tilknytta nettsida brukar Discourse, og det leveres gjennom eit anna Builder Heart-prosjekt ved namn folksamt.no.
Jobbar du med å byggje felleskap? #
Ta kontakt så kan me utveksle erfaringar og sjå på korleis teknologi og kultur kan byggje felleskap.