Kurslansering: Funker som fjell
17. oktober 2023. Av Nils N. Haukås.
Funker som fjell er eit kurs i ombruk av PC og Mac.
Kurset er diverre avlyst grunna lågt oppmøte. Satsar på å kome sterkare tilbake i framtida. :)
Eit kurs i å forlengje levetida på datamaskinar
Gode grunner til å bli med:
- Forleng livet på gamle laptoper
- Bli kjend med fri programvare
- Få eit betre personvern
- Bli del av eit felleskap der du kan stille spørsmål og få svar.
I ei årrekkje så har hobbyistar og programmererar visst at bruk av fri programvare er ei måte å forlengje levetida på eldre datamaskinar. Eit viktig døme på fri programvare er GNU/Linux som er eit operativsystem som har eksistert sidan tidleg 90-tal. Idag køyrer GNU/Linux på 90% av datamaskinane (serverar) som serverer nettsidene me besøkjer kvar dag, og er blitt kjend for høg stabilitet og haldbarheit. Fri programvare har for lengst tatt server-verda med storm, men for vanlege forbrukarar så er røynda ganske annleis.
Kvart år så er det mange av oss som merker at den bærbare datamaskinen me eig byrjer å bli treig. Ein laptop som var så rask då me prøvde den i butikken er no nokre knappe år seinare blitt til sirup å bruke. Dette ender ofte med at maskinen hamner på dynga.
I 2020 så kunne FN rapportere at det blei gjort ein avfallsrekord i 2019, då det blei kasta 54 millionar tonn elektrisk avfall globalt. Konsekvensen av denne veksande trendlinja er at me må grave opp meir og meir mineraler, både på land og i vatn for å møte den aukande appetitten etter ny elektronikk. Dette er ikkje ei bærekraftig utvikling.
Dette kurset er for deg som har lyst til å bli kjend med fri programvare, å lære å forlengje levetida på eldre maskinvare og få meir kontroll over din digitale kvardag.
Slik funker det
Te, kaffi og installering er tema for første kurskveld. Da møter du opp med ein laptop som du ønsker å installere fri programvare på. Det vil bli servert kaffi og te, og så tek me ein hilserunde slik at me kan bli litt kjend med kvarandre. Eg vil gi ein introduksjon til fri programvare generelt og ein steg-for-steg plan for installering. Så, deler me oss opp i mindre grupper og setter igang. Eg vil gå rundt og hjelpe og svare på spørsmål.
Mellom kurskveldene så oppfordres alle til å teste den nyinstallerte laptopen sin på kvardagsbruk. Me noterer oss gjerne tankar og spørsmål rundt fri programvare som me kan ta med seg til neste kurskveld. Du vil også bli invitert til eit nettforum for kurset der du også kan dele erfaringar med dei andre kursdeltakerane.
Kurskveld 2, 3 og 4 vil handle om å dele spørsmål og svar, dele erfaringar og introdusere dykk til nyttig programvare for å løyse ulike gjeremål i kvardagen. Det vil også bli servert te og kaffi.
Etter kurset så vil alle fortsatt ha tilgang til å dele erfaringar i nettforumet.
Kursdatoar:
- Onsdag 1. november kl 18 - 20.
- Onsdag 8. november kl 18 - 20.
- Onsdag 15. november kl 18 - 20.
- Onsdag 29. november kl 18 -20.
Lokasjon: Kong Oscars gt. 62, 3. etasje.
Maks antall deltakerar: 10.
Pris: kr 2875, kr 1000,- (oppstartstilbud).
Påmelding
For å melde deg på sender du ein e-post til nils@builderheart.com.
I e-posten så inkluderer du:
- Navnet ditt
- Valgfritt: Merke og modellnummer på PCen du ønsker å installere fri programvare på.
- Eventuelt andre spørsmål
Ved å melde deg på så bekrefter du at du har lest og akseptert kursvilkåra og dei etiske retningslinjene.
Kursvilkår
For å kunne delta på kurset må du vere komfortabel med enkel databruk. Nærare bestemt så bør du vere komfortabel med konsepter som mapper, filer, startlinjen og bruk av nettlesar. Om du har brukt datamaskinar i 2-3 år så kan dette kurset passe godt for deg.
Du må ta med ein PC eller Mac som du ønsker å installere fri programvare på. Laptopar som er 2-3 år gamle eller eldre er ofte betre støtta. Om du er i tvil så kan du søkje på nett etter PC/Mac-modellen pluss "linux support" for å sjå kva for erfaringar andre har hatt med din laptop-modell.
Du må vere innforstått med at installering av fri programvare i dette kurset betyr å slette alt av data på den medbrakte laptopen. Det betyr at du må ta backup av alle data du ønsker å ta vare på i forkant av kurset.
Det er ei lita sjanse for at fri programvare ikkje kan køyre godt på din medbrakte laptop. Det finst uhorveleg mykje ulike maskinvare der ute, og det kan hende at din laptop tilfeldigvis er dårleg støtta. Dette finn me ut på første kurskvelden. Ved hjelp av ein live-usb så kan me teste utan å slette noko, at programvaren fungerar før me bestemmer oss for å gå vidare. Viss fri programvare ikkje fungerer for maskinen din, og du ikkje kan gå vidare med kurset så får du sjølvsagt pengane tilbake.
Viss du er avhengig av spesifikk programvare, så bør du søkje på nettet for å sjekke om dette er tilgjengeleg under GNU/Linux. Forslag til søkjeord kan vere namnet på programvaren pluss "linux support" eller "linux alternative". Om du treng å bruke programvare som berre køyrer på Windows eller MacOS så vil du ikkje ha tilgang til å installere det på toppen av den frie programvaren frå kurset.
Viktigst av alt er det å ha tålmod og lærelyst.
Kva slags programvare blir installert?
I dette kurset vil me installere Linux Mint, som er eit operativsystem av typen GNU/Linux. GNU/Linux kjem i mange variantar, og grunnen til at Linux Mint har blitt valgt for dette kurset er at dette prosjektet over ei årrekkje har vist eit fremragande fokus på både stabilitet og brukarvenlegheit. Kunnskapen du opparbeider deg i dette kurset vil gjere deg i stand til å prøve andre variantar av GNU/Linux i framtida om du skulle ønske det.
Inkludert i Linux Mint så finst det eit vell av programvare for å utføre vanlege gjeremål som å skrive tekst, redigere lyd og bilete og surfe på nettet. BankID fungerar også fint.
Etiske retningslinjer
Dette kurset jobber for å skape eit trygt miljø for læring.
Trakkasering vil ikkje bli tolerert. Med trakkasering så menes det mobbing, diskriminering, uønska seksuell merksemd, støtande kommentarar relatert til kjønn, alder, seksuell legning, nevromangfald, kropp, synleg eller usynleg funksjonshemming, rase, religion, nasjonalitet, sosio-økononomisk status eller kunnskapsnivå.
Alle deltakerar på dette kurset forplikter seg til å overholde desse etiske retningslinjene. Ved brot på retningslinjene så vil det bli tatt grep, der alternativa inkluderer åtvaring og utvisning utan refundering av kursavgift.
Om du opplever ubehag av noko slag, gi beskjed til kursholdar.
Om kurshaldaren
Eg er originalt ein Tysværbu som flytta til Bergen i 2010, og har sidan lært meg å like regnet (og sola) godt. Eg har jobba som profesjonell programmerar sidan 2014, og er opptatt av data som eit verktøy for å skape, samt personvern og digital fridom.
Vel møtt til kurs!
Venleg helsing,
Nils Norman Haukås