Koding er best utan KI
14. august 2026. Av Nils N. Haukås.
Difor bruker Builder Heart ikkje kunstig intelligens (KI) til programvareutvikling.
Respekt for naturen #
Vi lever i ein natur- og klimakrise. Kvart år markeres «earth overshoot day» som er den dagen der vårt ressursforbruk overstiger planeten sin evne til å fornye desse ressursane. Vi utviklarar har lengje blitt indoktrinert i marknadsførings-paradigmet rundt «skyen» som ein plass der datakraft er ubegrensa. Men all koden vår køyrer til slutt på ein fysisk maskin ein plass.
Det globale KI-eventyret har resultert i ein massiv utbygging av datasenter over heile verda. Desse datasentrene legg beslag på dyrebar straum, vatn og verdifulle mineraler. I skrivande stund har vi 61 kommersielle datasenteroperatørar fordelt på 115 datasenter (kjelde). I følge Sintef-forskar Erik Johannes Husom er KI faktisk «vår tids digitale klimaversting».
Mange fleire datasenter er planlagt å bli bygd ut fordi utbygjarane seier at det er eit skrikande behov etter regnekraft for KI. Forkjemperane seier at dette vil skape mange nye arbeidsplassar, men Fafo publiserte nyleg eit skriv som tyder på at datasenternæringa har ein beskjeden sysselsetting.
Vi har å gjere med ei KI-behovsboble skriv journalist Ed Zitron (video-kortversjon). Zitron har lengje skrevet om det han meiner er ein bekymringsverdig sirkulærfinansiering i KI-bransjen uten eit reelt brukarbehov i botn. All datasenterutbygginga skapar eit tilsynelatande behov i næringskjeden som utløser stadig høgare verdivurderingar av KI-selskap, men det kan godt hende at dette behovet er nettopp ei kunstig boble. Nyleg kom det fram at selskapene Alphabet, Amazon, Meta, Microsoft og Oracle har samla sett opparbeida seg 1.6 trillionar dollar i gjeld på datasenter-investeringar.
Når norske Tydal Data Center annonserer ein kontrakt på 45 milliardar fordelt over 16 år med Anthropic må ein hugse på at Anthropic står i fare for å vere konkurs innen 1-2 år. Både Anthropic og OpenAI har frykteleg mykje gjeld og ingen profitt å vise til fordi inntektene blekner i forhold til deira massive utgifter.
I dag er tyngdeloven oppheva på børsen og finansakrobatane kan le heile vegen til banken. Det er vanskeleg å argumentere mot selskaper som OpenAI og Anthropic fordi dei har så sinnsvakt høge verdivurderinger. På den eine sida kan ein sei at KI-næringa må få segle sin eiga sjø på børsen heilt til KI-bobla sprekk, men på den andre sida så rekk KI-næringa å øydeleggje frykteleg mykje natur og samstundes øydeleggje liva til veldig mange menneske før lufta er ute av KI-ballongen. Difor kan vi ikkje ha ein «la oss vente å sjå»-haldning til den hodelause utbygginga av KI-datasenter.
Hjernen har godt av trening #
I juni publiserte det prestisjetunge Nature ein artikkel som peikte på fleire studier der subjektene opplevde både læringsproblem og kunnskapsforvitring grunna KI-bruk (PDF uten betalingsmur). I ein studie av erfarne kreftleger fann dei at bruk av KI-verktøy hadde ført til ei nedsatt evne til å finne kreft uten KI-assistanse. I ei anna studie av 52 systemutviklarar blei dei spurd om å løyse ei enkel kodeoppgåve og berre halvparten fekk bruke KI. Etterpå fekk alle utviklarane ein test med spørsmål om kodebasen og feilsøking av denne der KI-brukarane gjorde det markant dårlegare.
I 2025 publiserte METR ein studie av 16 fri programvare-utviklarar der deltakarane fekk randomisert tilgang på KI til å løyse oppgåver relatert til kodebasar dei hadde god kjennskap til. Desse utviklarane sjølvrapporterte at KI gjorde dei 20% raskare, men faktum var at oppgåvene løyst med KI tok 19% lengre tid. METR publiserte ein oppdatering av denne studien i 2026 og resultata tyder på at utviklarar moglegvis har ein auka produktivitet grunna KI, men forskarane seier også at 2026-studien har svakheter som at det no er ein betydeleg auke av utviklarar som avstår frå KI-bruk.
I fri programvare-røyrsla ser vi no fleire ta avstand frå KI som Zig-miljøet og Codeberg-miljøet. Desse miljøene har erfart at KI-bruk vanskeleggjer samarbeid og utgjer ein sløsing av maskinressursar og utviklar-tid. Videre ser ein no tiltak som Vim Classic og Human Emacs for å sikre langsiktig kodekvalitet gjennom LLM-fri utvikling.
I ein studie av Flathub som er ein plattform for publisering av applikasjonar såg ein at 73% av applikasjonane produsert ved hjelp av KI blei forlatt av den originale forfattaren. Denne trenden med kortliva kode lagd med KI er ein trend som Codeberg-utviklarane også noterte seg i sin grunngjeving for KI-nekt. Moglegvis tyder dette på at KI let folk lage applikasjonar raskt, men at det er vanskeleg å videreutvikle desse applikasjonane over lengre tid.
Hjernen utviklar seg gjennom heile livet og blir flinkare på å takle utfordringar vi gir den (nevroplastisitet). Difor må vi ha i mente nøyaktig kva for oppgåver vi vel å outsource vekk til KI. Mange seier at ein må bruke KI til automatisere vekk enkle og kjedsommelige oppgåver. Men samtidig så må ein hugse på at det er nettopp gjennom å takle enkle oppgåver at hjernen byggjer opp emnen til å takle tyngre oppgåver. Løysing av både enkle og vanskelege oppgåver er også slik ein held hjernen skarp.
Å bruke KI til programmering kan absolutt vere mentalt krevjande. Men blir vi eigentleg flinkare til å programmere, eller blir vi kun gode til å bruke desse KI-verktøya som pratar så fint til oss? Faktisk melder fleire utviklarar om at dei kjenner på ein form for KI-utbrenthet (kjelde 1, kjelde 2). Nokon vil kanskje hevde at vi er ansatt først og fremst for å pushe nye features og bøttevis med kodelinjer. Men den synkande kjensla som får mange utviklarar til å slutte med KI peiker kanskje på ein djupare erkjenning om at vi eigentleg ikkje blir særleg meir produktive med KI.
Andre skuggesider ved KI #
Det er også andre viktige skuggesider ved KI som er viktig å nemne:
- KI-teknologi blir brukt til krigføring og overvaking med stor aksept for feilmarginer (stopkiller.ai).
- KI-selskapa sin forretningsmodell er bygd på stjålet åndsverk (giveupgithub.org).
- Treningsdataene til KI må katalogiserast av uttalige lågtlønnte data-arbeidarar. Med andre ord så kan KI ikkje eksistere utan menneskeleg, lågtlønnt arbeidskraft.
- Når KI-bobla sprekk så vil vi bli sitjande igjen med mykje KI-maskinvare som det vil vere vanskeleg å bruke til andre formål. Vi har allereie eit stort problem med e-avfall globalt, og kassert KI-maskinvare vil drastisk intensivere dette problemet.
Denne teksten er lisensiert under CC-BY 4.0.